Reprise. Som ein stor einsemd...

Eg låg i graset og skulle dø. Det regna. Kroppen min sank ned i gjørma. Safter frå jorda trakk inn i kleda mine. Gjorde strømpebuksa mi våt, kjolen tung. Her, på ei brun seng, skulle eg døy. På ei seng av drit. Eg vridde meg. Gjørme og kvistar fletta seg inn i håret mitt, eg fekk regn inn i nasen og augo mine. Grov i jorda med hendene mine. Fekk skit og lort, flis og grus under neglene. Svelga jord. Frø forplanta seg i magen min. Når eg var død ville eit tre vokse opp av kadaveret mitt. Vokse saman med dei andre trea. Bli ein del av eit fellesskap, bety noko. Hadde nokon gått forbi meg i det augeblikket eg døydde hadde dei nok berre sett eit tre. Stolt og stille, men med ei rot som vridde seg. Som ein orm. Før rota spente seg, skalv, og braut saman. Eg var ein orm. Ein giftig, livsfarleg orm som hadde bitt seg sjølv i halen. Eit sjølvmord. Utført med mi eiga gift. Eg skalv. Eg døydde.

Eg merka at eg sakna deg.

Det draup ein stad. I ein uspesifisert takt. Dryp. I halsen min var det tørt. Dryp. Han var tett, som om nokon hadde dytta papir ned i han. Alt ved honom var vakkert. Dryp, dryp. Ein heil tørkerull. Kroppen min var full av vann. Det var kaldt, men ein stad begynte det å koke. Dryp. Vi var einige om å elske kvarandre vilt. I ein fot. I ei hand. Tørkerullen ble fuktig, han blåste seg opp, saug vann. Han ble aldri full. Saug og saug. Dryp. Eg døyr igjen. Vi hadde ei æve føre oss. Løftar hendene mine mot halsen. Eg får dei ikkje opp. Dei er limt fast. Opnar eit auge, opnar begge. Eit kvitt tak presser meg ned. Hendene i stropper. Eg døyr. Dryp. Ein kvit fugl landar på senga, hopper til brystet mitt. Stikker hovudet i halsen min, river tørkepapiret ut. Eg spyr mark. Det renner ned brystet og magen min. Fukter senga. Tårane straumar. Dryp.

Sjukehuset er så varmt at eg frys. Eg er aldri aleine på rommet. Ustanseleg kjem sjukepleiarar og legar og vil noko. Dei spør så mykje. Spør meg om alt og eg har ingenting å gi dei. Ingen svar. Dei straffar meg med pillar og nåler. Ta dei, dei skal gjere deg frisk. Eg er ikkje frisk. Dei gir meg svar, men dei passar ikkje til spørsmåla mine. Dei løner meg med ein psykolog. Snakk med meg, eg skal gjere deg frisk. Kvifor trur alle legar at dei kan fikse alt? Ingen kan fikse alt. Ingen er perfekt. Eg er ikkje frisk. Eg har eit virus på følelsane mine. Gi meg ein medisin mot det om dykk kan. Pillane og psykologien deira hjelp ikkje. Ikkje risen og safta eg får heller. Eg gulpar det ned som larver og blod. Kjenner at eg etsar bort. Håper eg forsvinn snart. Håper nokon vil sakne meg. Håper ingen finn meg. Eg klarar dei ikkje lenger. Mor og far. Slektningar. Sorga dei føler. Mine problem er deira problem. Det er dei det går utover, dei som får det vondt. Dei veit ikkje kva vondt er, vil aldri føle det heller. Vil aldri vere så einsame at dei miste pusten, ha det så vondt at dei svime av, elske så høgt at dei døyr. Dei er ikkje villige til å selje alt blodet i kroppen for ein klem. Amputere armar og bein for eit kyss. Elske det du ikkje er ment til å elske. Eg frys sånn. Fingrane mine er nåleputer. Eg spør.
Ein biverknad er svaret. Alt ved meg er vakkert. Eg håper ingen finner meg. Ingen andre enn deg.

Eg merka at eg sakna deg.

Eg håper du kjem snart. At vi endeleg tilfeldigvis møtes. Kastar eit blikk mot kvarandre. Tar imot. Stoppar og ser. Du. Tynn som ein kvist. Redusert til det mest nødvendige. Augo, munn, hjerne, hjerte. Eg. Tynn som luft. Redusert til ein framand. Avskyeleg, mishandla, hjerne, hjerte. Berre du skulle få sjå meg og kjenne meg att. Vi var ikkje ment for kvarandre. Var som to puslespillbrikker som ikkje passa saman sjølv om dei var del av det same bilde. Vi skjulte at vi ikkje hadde noko å snakke om , smilte. Heldt kvarandre så nærme som det gjekk an. Vi skulle ikkje vere saman, men vi var skapt for kvarandre. I einsemda var vi ment for kvarandre. Vi snudde ryggen til verden. Var aleine saman. Var vakre, stygge, ingenting. Æva stoppa. Ho snudde og så tilbake på seg sjølv. Vi var dei einaste som fortjente å vere saman i heile æva. Vi hadde forstått det. Æva. Vi var einige om å elske kvarandre vilt. Trykka kjærleiken mot huda og brente han fast. Svidde kvart kyss og tåre inn i sjela. Elske det. Vilt. Vakkert. Eg delt meg sjølv med deg. Alt ved deg, meg, oss var vakkert. Måten vi trosser alt på. Blodet vårt som ikkje brydde seg om kropp og blodårar, men som pumpa mellom dei to raudglødande hjerta våre. Hjerta som dunka på handledene våre. Av alt som var vakkert ved oss, var dette det vakraste. Denne umente kjærleiken. Den vi helde hemmeleg, den vi ropte ut. Den kjærleiken dei no ville hjelpe meg å fjerne. Kjærleiken som gjorde meg sjuk, som drap meg. Flaut i blodårane, infiserte meg. Eg skulle dø no. Eg vil ikkje leve utan minne av deg. Eg saknar deg. Eg saknar deg. Eg saknar deg. Eit stikk i brystet. Eg spydde igjen. Fleire larver og meir blod. Eg døyr. Vaknar. Saknar deg. Eg døyr. Saknar deg. Eg døyr.

Eg merka at eg sakna deg.

Eg veit ikkje kven eg er. Eg veit ikkje kvar eg kjem frå. Eg veit ikkje kvar eg har vori. Eg veit berre at sola varmar ansiktet mitt. Benken eg sitt på er raud. I gjørma ved sida av benken kan eg skimte eit avtrykk. Som eit omriss av eit menneske. Eg reiser meg frå benken. Stiller meg ved omrisset. Bøyer meg ned. Er litt sliten. Er ikkje i form. Låg for lenge stille. Er lykkeleg for å vere ute igjen. Eg studerar avtrykket. Legg meg ned i det. Ser opp i treet. Eg passar.

Eg saknar ingenting.

Kommentarer

Populære innlegg