When I see people holding hands I think: "Hey, I can do that!"

Venleik er når du sitt heilt stille. Når eg kan stryka deg øver ryggen utan at du skjelv. Stundene når vi to berre er stille og ser det vi vil sjå. Desse dagane forsvinn så fort vi vaknar. Når vi ser kvarandre i eit skarpare lys. Blikk som ikkje møtas. Blikk som ikkje ser. Stemmar som ikkje snakkar. Stemmar som ikkje gir lyd.


Du luktar som ein våt hund. Du har gått i regnet for å forlate meg, men du har mislukkast. Vendt tilbake utan anna enn kroppen din. Skallet som rommar deg og ditt. Men du er tom og du prøvar å fylle deg sjølv meg kaffi og draumar. Sjela di er skiten. Du kan ikkje vaska bort det du har gjort. Det eg har gjort. Med deg. Eit hav av venner og kjærleik kan ikkje erstatta noko sånt. Du vil for evig vere tom om du ikkje tilgjer deg sjølv. Og meg.


La meg unngå det som stygt er. Gi meg berre vakre ting. Ikkje dytt meg unna sjølv om eg drar meg unna. Du er då ikkje blind.

Kommentarer

Populære innlegg